page view image

ATLE HANSEN til akust lørd 27 april kl 15 på House of Blues☀️😁💥

Informasjon
event image


Blues, viser, rock, country i ei salig blanding, alt framført i Atle Hansen ifra Stord si tolking og variasjon, men også eit utval  av hans eigne viser.😁

Vi gleder oss💥


Songar gjennom 70 år⭐️


Songar å syngja med på, songar du har dansa til, songar du hadde gløymt, songar du ikkje trudde du likte, songar du aldri før har høyrt, men som du kan syngja med på likevel, eller trampa takten til eller berre sitja stille og lytta til, når Atle Hansen framfører dei på sin personlege måte.


I november fyller forfattar og artist Atle Hansen 70 år. Han vart fødd i Mosterhamn, men har vore busett på Stord sidan 1970.  Sidan tidlege tenår  av har han vore aktiv songar og låtskrivar, frå debuten på Skimmeland skule på slutten av 60-talet og fram til i dag. Han har gitt ut fleire plater, jobba saman med kjente forfattarar og musikarar, og i tilleg skrive 26 romar for unge og vaksne. Oftast har han framført eigne songar, men i dette programmet er det mest andre sine songar som står på repertoaret, songar frå alle dei åtte tiåra han har levd i. Frå Elvis sin debut same året Atle Hansen vart fødd og fram til heilt nyskrivne songar. Blues, viser, rock og country i ei salig blanding, alt framført i Atle Hansen si tolking og variasjon, men også eit utval  av hans eigne viser, m.a. den kjende songen om jentene i Sunnhordland.

Restriksjoner

Velkommen☀️